Trenger du noen å snakke med?

- Me burde vore dobbelt så mange.

Dei Frivillige i Kirkens SOS spelar ein avgjerande rolle i å redde liv - og dette viktige arbeidet kan dei utføre frå heimekontor over heile landet.
Publisert: 6. mars 2025.

Saken er skrevet av Ingrid Byggland i VestTelemark Blad, og sto på trykk 21.02.25,
og deles med tilatelse.
Kontakt: [email protected]


Kirkens SOS i Telemark er ein viktig del av eit landsdekkande nettverk som tilbyr hjelp og støtte til menneske i krevjande livssituasjonar. Rundt 1000 frivillige frå heile landet bidrar i arbeidet, som kan redde liv.

– Kvar enkelt frivillig er gull verdt for oss. Me reddar dagen for mange og livet for nokon, seier Audun Haga, som er leiar for Kirkens SOS i Telemark.

Haga understrekar det store behovet for fleire frivillige.

– Me burde vore dobbelt så mange. Det er eit veldig behov, seier han.

Kirkens SOS har i 50 år jobba for å støtte menneske i vanskelege situasjonar. Dei er tilgjengelege døgnet rundt, heile året.

– Me er ei viktig fyrstelineteneste for heile samfunnet, seier Haga.

Frivillig heimafrå – ein fleksibel måte å bidra på

Tidlegare måtte dei frivillige møte opp på fysiske vaktrom. I Telemark er det eitt vaktrom i Skien og eitt på Gvarv. Men under pandemien vart det utvikla moglegheiter for å jobbe frå heimekontor, og i dag kan dei frivillige utføre det same viktige arbeidet heimafrå. Denne endringa har gjort det enklare for fleire å engasjere seg som frivillige.

To frivillige frå Vest-Telemark, Ea Kristine frå Vinje og Ingunn frå Seljord, er blant dei som jobbar heimafrå. Begge har fulltidsjobbar, men har gått inn på ei avtale med om lag to vakter i månaden, der kvar vakt er på fem timar. Begge fortel om kor fleksibelt og givande det er.

Ea Kristine vart frivillig for eit halvt år sidan, etter å ha fått innsikt i tenesta gjennom eit arrangement i jobbsamanheng.

– Eg hadde tenkt på det før, og no hadde eg moglegheita, så då meldte eg meg, seier ho.

Det at ein kan sitje heime, og sjølv bestemme når ein er tilgjengeleg for vakter, ser ho på som ei svært god ordning.

Ingunn seier dette er hennar måte å vere frivillig på.

– Det er veldig viktig for meg å vera med på noko frivillig. Så då blei det Kirkens SOS då eg flytta til Seljord i 2022.

Haga meiner Vinje- og Seljord-samfunnet er heldige som har Ea Kristine og Ingunn, som har blitt kursa i det å bli ein god samtalepartnar.

– Det får ringverknadar i samfunnet, seier han.

– Må vera synlege

Kirkens SOS jobbar aktivt for å gjere tenesta kjent, både for nye frivillige og for dei som treng nokon å snakke med.

– For å klare å drifte, må me vere synlege. Utan frivillige så stoppar tenesta opp. Og viss dei som verkeleg er i krise ikkje veit om oss, så er det ikkje nokon vits i at me er der, seier han.

Kirkens SOS søkjer kvart år om driftsstøtte frå alle kommunane i Telemark. Haga er svært takksam for at Vinje kommune støttar organisasjonen med driftsmidlar. I budsjettet for 2025 har kommunen løyvd 60 000 kroner.

I tillegg til den offentlege støtta, er organisasjonen avhengig av å hente midlar frå næringslivet og private givarar for å dekke driftskostnadene.

– Nokon bidrar med tid og andre med pengar.

Søkjer empatiske menneske

Kirkens SOS rekrutterer frivillige frå heile samfunnet i alderen 20–80 år. Det er ikkje krav om spesiell utdanning eller religion for å bli frivillig, og vaktordningane blir skreddarsydd etter kva som passar den enkelte.

– Me søker fyrst og fremst empatiske medmenneske, seier Haga.

Å ha nokon å snakke med kan vere det som gjer forskjellen for nokon.

– Nokon har faktisk berre oss. Det å ha eit empatisk, godt menneske å snakke med når ein har det tøft er så viktig. Eg håpar folk er frimodige nok til å ta kontakt når dei treng nokon å snakke med, seier Haga.

Han understrekar at både dei som ringer til Kirkens SOS, og dei frivillige som svarar, er heilt anonyme.

Haga fortel at dei har eit godt opplæringskurs, som vil gi dei frivillige kunnskap og verktøy til å handtere krevjande samtaler. Opplæringa er vurdert som fagleg god, og ein kan faktisk få studiepoeng for å vera frivillig.

– Det at ein har vore frivillig og er god å snakke med er ein fin ting å ha på CV-en. Men dei aller fleste hos oss er ikkje opptatt av det, men av å bidra i samfunnet, understrekar han.

Kursa er digitale og kan gjennomførast heimafrå, anten på dagtid eller kveldstid.

– Kurset er veldig bra, og vekslinga mellom teori og praksis har vore svært nyttig, meiner Ingunn.

Ein del av kurset dreiar seg om samtalemetodikk.

– Det å snakke om sjølvmord er ikkje heilt naturleg, og det var ubehageleg dei fyrste gongene. Men etter kvart så blir det på eit vis naturleg, fortel Ea Kristine.

På langt nær alle samtalane handlar om sjølvmord, men det er sjølvmordsførebyggjande å snakke om til dømes einsemd.

– Vanlege folk kan jobbe sjølvmordsførebyggjande, og det har me halde på med i 50 år. Det er dessverre enda meir behov no enn då, seier Haga.

Han seier ei samtale kan redde liv.

– Det å ikkje vera aleine i det vanskelege har ei veldig kraft i seg. Den gode samtala kan vere med på å redde liv, rett og slett, seier han.

Eit samfunnsansvar

Ea Kristine seier det er tungt å høyre at folk har det tøft, men at ho ofte sit att med ei kjensle av å ha betydd noko.

– Når eg går av vakt, så har eg kanskje gjort dagen litt lettare for den personen. Og me har verktøy på korleis me snakkar til ein person i krise, så det er ikkje så tungt som ein tenker at det er, seier ho.

Ho meiner også det er eit samfunnsansvar me har.

– Me må ta vare på kvarandre. Me har ingen å miste, seier ho.

Ingunn meiner det dei har lært og dei erfaringane dei får, gjer dei til betre samfunnsborgarar.

– Du har ein annan måte å lytte til kva folk eigentleg seier, og har eit auga for å sjå medmenneska rundt deg. Eg trur også det er med å styrke seg sjølv, ved å tole andre si smerte, seier ho.

Ingunn ser på det frivillige arbeidet som ei gåve.

– At eg får lov til å vera frivillig er ei gåve til meg. Då kjenner eg meg verdifull, og eg får bidra til samfunnet, seier ho.

Aldri aleine på vakt

Dei understrekar at ein aldri vil vere aleine på vakt. Sjølv om ein er aleine i huset sitt, er ein alltid saman med andre på vakt via Teams.

– Du er ein del av eit støttande fellesskap, seier Ingunn.

Vil du bli frivillig? Søk her